Booking

Kven er vi

TrollDungeon er ein escapelabyrint etter ide og konsept av Trollbinding Productions AS. Vi opna dørene for første gang i mai 2021.
Vår escapelabyrint er bygd opp som ein aktivitetsbasert, innandørs hinderløype der målet er å finne vegen ut, og der ein blir utsett for ulike påverknader av både lyd, lys og opplevingar. Escapelabyrinten er ein fusjon mellom room escape og skrekkhus.

Vi er lokalisert i Valldal sentrum, i same bygg som Kulå Bowling, 2. etasje med egen inngang.
Parkering både foran og bak bygget. Følg skilting.

Trollbinding Productions vart nylig resertifisert Miljøfyrtårnbedrift, og tek med det vår del av eit felles samfunnsansvar slik vi kan nå målet om å avsette mindre miljøavtrykk. Vi ønsker også at andre bedrifter, små og store, tek eit slikt samfunnsansvar og viser veg som Miljøfyrtårn.

Trollbinding Productions står også bak universet «Trolla frå Trollstad» som på sin eigen måte er inkludert i TrollDungeon og tek universet endå eit steg vidare.

Din eigen TrollDungeon?

Interessert i å starte din eigen TrollDungeon? Ta kontakt med oss for meir informasjon. Vi kan tilby avtale og samarbeid.