Booking

Grupper

Vi tilbyr konkurransedyktige prisar for grupper som ønsker ei heilt spesiell oppleving, og det er lett å kombinere ein tur i TrollDungeon med nokon av dei andre, kule aktivitetane i Valldal – the adventure valley. Vi kan tilby pakkeløysingar med overnatting, mat, drikke og andre aktivitetar. Send oss ein epost, så får du eit godt tilbod av oss!

Gruppeprisar

Gruppepris standard

200 kr

per person

Minstepris

2000 kr

utanfor opningstid

Pakketilbod for skuleklassar og andre grupper

GØY MED GJENGEN? BURSDAG? BLÅTUR? KLASSETUR?
Escapelabyrinten er eit eventyrleg, kult innslag som passar for alle over 12 år. Opplevinga hos oss kan også kombinerast med andre aktivitetar, mat og drikke. Ring oss for ein uforpliktande prat eller send oss ein epost. Alle gruppeaktivitetar må bestillast på førehand.

#KULÅKALAS
For grupper over 10 personar og i alderen 12-18 år, har vi gått saman med Kulå Bowling i 1. etasje, og har laga ein kombinasjonspakke med bowling, escapelabyrint, pizza og brus.
Kr 399,- pr person – minstepris kr 3 900,- (10 personar)

#KODEJAKT (Nytt tilbod 2023!)
Større grupper kan i år bestille ein enklare utgåve av escapelabyrinten, men vi lovar at det blir moro og spenning uansett! 6 personar kan gå inn samtidig, og ein treng berre vente 5 minutt før dei neste 6 personane kan gå inn. Inne i fangeholet må ein saman jakte på koden som hjelper deg ut igjen, og lagarbeid er viktig for å lykkast.
Kr 170,- pr person – minstepris kr 3 400,- (20 personar).
Kodejakt i fangeholet kan også kombinerast med bowling, pizza og brus hos Kulå Bowling, om ønskeleg.

Ta kontakt med oss på epost eller telefon post@trolldungeon.no – mobil 919 06 691.